Eigarstyring og selskapsleiing i Ørskog Sparebank byggjer på Finanstilsynet sin modul for overordna styring og kontroll. Banken har tilpassa foretaksstyringa i høve til dette rammeverket så langt det passar. Prinsipp og policyar som skal leggast til grunn vil sikre at verksemdsstyringa er tilpassa lover og forskrifter. Samtidig er det lagt opp til at verksemdsstyringa skal tilpassast banken sin kompleksitet og omfang. Dette skal sikre berekraftig verdiutvikling over tid og at banken sine ulike interessegrupper vert ivaretatt på ein god måte.
For å utvikle god tillit mellom banken og dei viktigaste interessegruppene, treng ein gode styringssystem for verksemda:
Eit kompetent og uavhengig styre
Gode interne styringsprosessar
Ein objektiv og uavhengig eksternrevisor
Open og god kommunikasjon med tilsette, media, finanstilsyn og omgjevnadene elles
Gode interne rutinar for å etterleve strenge etiske prinsipp
I 2025 har det vore i alt 13 styremøte. Fokusområda har vore oppfølging av drift, strategi, risiko, kapitalstyring, marknad, kredittsaker og rammevilkår. Det er utarbeidd ein eigen årsplan for styret sitt arbeid. Det vert lagt vekt på tilstrekkeleg kunnskap og utvikling av kompetansen mellom styret sine medlemmar.
Styret er forstandarskapet sitt organ for å vedta den strategiske retninga og å utøve kontroll med den operative drifta av banken. Styret består av seks medlemmar der fem av medlemmane og to varamedlem er valde av forstandarskapet. I styret sitt det 3 kvinner og 3 menn. Eitt medlem og eitt varamedlem vert valde av og mellom banken sine tilsette. For å sikre kontinuitet i arbeidet praktiserer banken at 1. varamedlem møter på alle styremøter. Det vert lagt vekt på å ha eit kompetent og uavhengig styre. Styret gjennomfører årleg ei strategisamling, der banken sitt strategidokument vert revidert.
Godtgjering til styret er avgrensa til styrehonorar.
Det samla styret fungerer som risiko- og revisjonsutval. Utvalet har vurdert ansvarleg revisor si uavhengigheit og meiner det ikkje ligg føre noko som kan utgjere ein trussel eller som kan svekkje ansvarleg revisor sin integritet overfor Ørskog Sparebank.
Banken sitt forstandarskap har 16 medlemmar og er sett saman av 12 kundevalde og fire valde av og mellom dei tilsette.
Det er styret si vurdering at banken har den naudsynte kapasitet, kompetanse og kultur til å sørge for god føretaksstyring.
Det er teikna styreansvarsforsikring som og gjeld for dagleg leiar. Det ligg også føre ei kombinert profesjonsansvar- og kriminalitetsforsikring.
Profesjonsansvarsforsikringen dekker rettslege erstatningsansvar for økonomisk tap som blir påført kundar eller tredje-person under bankdrifta, dette gjeld også kostnadar ved handsaming av krav om påstått erstatningsansvar, idømte kostnader og sivile erstatningskrav i straffesak.
Tilsette og arbeidsmiljø:
Banken blir leia av banksjef Eirik Kavli, som tok til i stillinga i mai 2012. Ved utgangen av 2025 har Ørskog Sparebank 27 tilsette som utøver 26,9 årsverk mot 25,6 årsverk ved førre år. Banken har leiarar med resultat- og personalansvar for høvesvis Økonomi og administrasjon, Personmarknad, Kundeservice og Bedriftsmarknad & Forsikring.
Sjukefråværet for 2025 vart 3,9 % samanlikna med 5,1 % i 2024.
Dugande, motiverte og kompetente medarbeidarar er ein føresetnad for at banken skal kunne nå sine mål. Difor er det høg prioritet på å leggje til rette for samarbeid, engasjement, trivsel og kompetanseheving gjennom mellom anna godt arbeidsmiljø og interessante arbeidsoppgåver.
Det er ikkje gjennomført aktivitetar definert som forskings- eller utviklingsarbeid i 2025.
Medarbeidarar sine rettar, sosiale tilhøve og trivsel.
Banken sin strategiplan definerer at eit av satsingsområda skal vere nøgde, kompetente og motiverte tilsette. Det har dei siste åra vore få oppseiingar frå tilsette. Banken har lojale tilsette som har arbeidd i banken i mange år. Banken ønskjer å ha langsiktige tilsetjingsforhold gjennom å gi konkurransedyktige, forutsigbare og trygge vilkår. Banken har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
I Ørskog Sparebank blir organisering i fagforeiningar verdsett, og nær alle tilsette er medlemmer i Finansforbundet. I forstandarskapet – bankens øvste organ - er 25 % av medlemmane tilsette i banken. I tillegg er eitt av styremedlemmane valde mellom dei tilsette.
Banken har også i 2025 brukt ressursar på prosjekt som styrker og utviklar banken sine verdiar videre:
Stolt
Engasjert
Til stede
Verdiane skal styre dei tilsette sin åtferd ovanfor kundar og mellom kvarandre. Dette er en viktig del av kulturutviklinga i banken.
Det er i 2025 gjennomført fleire interne rekrutteringar og gode prosessar som syner at banken kan tilby karriereutvikling, nye utfordringar og kompetanseheving til dei tilsette.
Det har ikkje vore ulukker eller skader på arbeidsplassen i løpet av året. Gjennom banken sin bedriftsavtale er det lagt til rette for at senior medarbeidarar skal finne det attraktivt å arbeide heilt fram til ordinær pensjonsalder. Styret si vurdering er at arbeidsmiljøet er godt.
Banken legg til rette for at tilsette skal ha god helse og ha så få fysiske plagar som råd er. Difor har ein kjøpt inn hev-senk pult til fleire tilsette, og alle tilsette får tilbod om delvis dekking av månadsavgift på helsestudio. Banken har og ei helseforsikring som sikrar rask behandling hos fysioterapeut, kiropraktor eller anna behandling dersom det er naudsynt. Ein har og avtale med Medi3 for medisinsk oppfølging gjennom bedriftsavtalen.
Banken sine tilsette skal få rettidig informasjon og opplysningar som dei etter lov, forskrift, vedtekter og internt regelverk har krav på. Banken skal skape eit triveleg og motiverande arbeidsmiljø, med gjensidig tillit og samarbeid.
Likestilling og diskriminering
Styret i banken er oppteke av å fremje likestilling og hindre forskjellshandsaming i strid med lov om likestilling mellom kjønna.
Banken sin målsetting er at tilsette av begge kjønn skal bli motivert til å ta leiande stillingar og søke utfordringar. Det er banken si haldning at tilsette, uavhengig av kjønn skal bli handsama likt og bli gitt like sjansar til utvikling.
Banken nyttar seg aktivt av dei anbefalingane som Finans Norge har knytt til val av tillitsvalde til forstandarskapet, komitéar og til styret. Det er bankens si haldning at alle tilsette skal bli gitt like moglegheiter og rettar. Det er ikkje vurdert som naudsynt å sette inn tiltak i høve til diskriminering.
Utdanning
Eit riktig, og høgt kompetansenivå er eitt av banken sine viktigaste konkurransefortrinn. Utvikling og vedlikehald av kompetansenivået i banken er difor eit prioritert område. Eika Skolen er banken sin eigen skule for utvikling av dei tilsette. Her blir ein tilbydd eit breitt spekter av kurs, samlingar, e-læringar og web-baserte treningsmodular. Banken har nedfelt i strategiplanen at ein kontinuerleg skal ha fokus på kompetanse og utvikling tilpassa den einskilde sine behov og planar.
Banken er tilknytta FinAut, og tilbyr relevante sertifiseringar til relevant personell innanfor dei ulike fagområda i banken.
Styret er nøgd med at det i banken er kultur for utvikling av kompetanse og for å dele kunnskap med kvarandre.