Norsk økonomi vende tilbake til normal vekst i 2025, med ein BNP‑vekst for Fastlands‑Noreg på 1,7 prosent. Arbeidsløysa auka til 4,5 prosent, slik ho blir målt av Arbeidskraftundersøkinga til Statistisk sentralbyrå, medan arbeidsløysa målt av NAV er på 2,1 prosent.
2025 var eit interessant år for Norge då det gav gode resultat frå oljeleverandørane, samstundes som bustadbygginga heldt fram nedturen sin. Samla industriproduksjon auka med heile 3,9 prosent. No som oljeinvesteringane er på veg ned, utan at bustadbygginga er venta å ta seg opp igjen, er industriproduksjonen venta å stagnere.
Lønnsveksten nådde ein konjunkturtopp i fjor med heile 5,6 prosent vekst i årslønn. For andre året på rad fekk lønstakarane reallønnsauke då inflasjonen heldt seg på 3,1 prosent – den same inflasjonsraten som året før. Sjølv om lønnsveksten er venta å falle noko tilbake framover, ventar ein at den reelle veksten til løner truleg held seg positiv i åra som kjem, ettersom inflasjonen er venta etter kvart å nærme seg målet på 2 prosent.
Bustadprisane steig med 5,5 prosent på årsbasis i 2025. Ein ser at enkelte områder som til dømes Rogaland vaks prisane med (+15,4 prosent), men langt mindre i andre delar av landet. Framleis er gapet mellom brukt bustad‑ og nybustadprisane stort, og det er truleg ikkje nok til å gi ein ny opptur for bygging av nye bustader.
Kredittmarknadene viste ei dempa utvikling, med ein årsvekst for desember på normale 4,8 prosent for hushalda og svake 2,9 prosent for ikkje‑finansielle føretak. Framover er det venta moderat kredittvekst, noko også den siste utlånsundersøkinga frå Noregs Bank peikar i retning av. Noregs Bank kutta foliorenta to gonger i løpet av 2025. Framover er det berre venta få og spreidde rentekutt. Kronekursen svinga ein del gjennom året, men enda berre marginalt 0,5 prosent sterkare som årsgjennomsnitt frå 2024 til 2025. Også framover kan vi sjå store utslag i kronekursen.
Talet på konkursar samla sett fall svakt i 2025 frå året før, men med sterk auke i konkursar innan eigedomssektoren. Byggebransjen og eigedomsutvikling vil truleg halde fram med eit relativt lågt aktivitetsnivå med tilsvarande høge konkurs-ratar det neste året. Ein venta oppsving i privat konsum vil likevel bidra til å betre lønnsemda i detaljhandel, hotell og restaurantbransjen.
Internasjonalt gav 2025 oss mykje geopolitisk uro. Dei globale systema som har styrt internasjonal finans, handel og geopolitikk har vore i endring det siste året. Også framover vil geopolitisk uro kunne påverke norsk økonomi. Varsamheit i eitt og alt kan vere ei god leveregel for finansane i det kommande året.
Regionale forhold og utsikter
Utviklinga i bustadmarknaden er ein viktig drivar for etterspurnaden av lån og kreditt. Etter ei periode med låge renter og høg omsetnad av eigedom har aktiviteten på bustadmarknaden blitt kjølegare i løpet av dei siste to åra. Årsveksten for 2025 er på om lag 2,4 % for Ålesund kommune. Også på Sunnmøre ser vi tendensar i den demografiske utviklinga med sentralisering der folkeveksten konsentrerer seg om randsona rundt Ålesund. Dette er en tendens vi har sett i fleire år, der til dømes Skodje har hatt ei stor fortetting i sentrumsområde med småhus og leilegheiter.
Fortetting og sentralisering av handel er aller mest synleg på Moa området drygt ei mil aust for Ålesund sentrum. Her ligg det 4.de største kjøpesenteret i Noreg målt i omsetnad, og i dette knutepunktet er det venta enda meir aktivitet og utvikling i åra framover. Difor etablerte banken eit rådgjevingskontor på Moa i 2020; eit kontor som vart utvida med enda fleir kontorplassar og tilsette i 2025. Med denne etableringa ligg banken synleg til for å tiltrekkje seg nye kundar i eit attraktivt område.
Næringslivet
Sjølv om banken ikkje direkte finansierer verftsnæringa eller store industrikonsern så er utviklinga hos store selskap som Kongsberg Gruppen og Vard viktige for banken sine privatkundar og verksemder som er underleverandørar til næringa. Verfta i Vestnes og Haram leverer ulike avanserte skip innan olje og offshore vind, cruiseskip, forsvarsfartøy og brønnbåtar. Fiskeri og havbruk er viktige næringar på Nordvestlandet, og ein svak kronekurs gir gode vilkår for eksportretta næringar.
Turismen til Nordvestlandet har vore aukande dei siste åra, mellom anna takka vere ei svak krone. Dette gir store ringverknader til fleire av banken sine kundar som driv verksemd retta inn mot turisme og turistar. Dei siste åra har det vore ein vekst i trafikken i «skuldersesongar» før og etter sommaren.
Eika Alliansen
Ørskog Sparebank er aksjonær i Eika Gruppen AS og ein del av Eika Alliansen, som ved årsskiftet bestod av nærmare 40 sjølvstendige lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt. Med ein samla forvaltningskapital på over 600 milliardar kroner og om lag 2500 tilsette, er Eika Alliansen ein av dei største og viktigaste aktørane i det norske bankmarknaden.
Lokalbankane i Eika Alliansen betener om lag 700.000 personkundar og 80.000 bedriftskundar gjennom nærmare 200 bankkontor i over 120 kommunar, og bidreg til økonomisk vekst og tryggleik over heile landet. Bankane lykkast med konkurransedyktig vekst og avkastning, og har blant landets mest nøgde kundar både i person- og bedriftsmarknaden.
Dette oppnåast gjennom at kompetente, autoriserte rådgjevarar med eit personleg engasjement for kundane og lokalsamfunna deira sørgjer for truverdig og verdifull rådgjeving når kundane treng det, og at moderne og konkurransedyktige digitale kundeløysingar gir kundane ei effektiv og trygg kvardagsbankoppleving. Kombinert med tilgjengelege rådgjevarar er denne samla kundeopplevinga bankane sitt viktigaste konkurransefortrinn.
Eika Gruppen sin visjon er å vere førstevalet for sjølvstendige bankar. Stordriftsfordelar frå Eika-samarbeidet blir stadig viktigare for bankane. Eika si kjerneverksemd er å styrkje bankane si konkurransekraft gjennom å levere og leggje til rette ei heilskapleg og tilpassa produkt- og tenesteportefølje for sikker, kostnadseffektiv og moderne bankdrift. Dette inkluderer ei komplett kjernebankløysing frå Tietoevry og annan leiande bankinfrastruktur, eigne kunde- og rådgivarflater, samt felles kompetanse- og bankdriftstenester som gir høgare kvalitet og lågare kostnader for mellom anna depottenester, verksemdsstyring og økonomi- og rekneskapsrapportering. Til saman sikrar dette effektive løysingar for både bankane sine medarbeidarar og kundar, og ei totalleveranse som i stor grad bidreg til å oppretthalde og vidareutvikle bankane si konkurransekraft og kundetilfredsheit i eit stadig meir krevjande marknad.
Felles utviklingsplanar og prioriteringar for fellesleveransar frå Eika sikrar god og effektiv ressursallokering, tilpassa stadig strengare regulatoriske krav til bankdrift. Gjennom Eika får bankane og kundane deira vidare tilgang til eit breitt spekter av finansielle produkt, kommersielle løysingar og kompetansehevingstenester. Dette inkluderer spareprodukt i fond og pensjon, forsikringsprodukt, kort- og smålånsprodukt samt eigedomsmekling gjennom Aktiv Eigedomsmekling.
Eika eig 20,1 prosent av Fremtind Forsikring AS, som er Noregs største forsikringsselskap i personmarknaden. Bankane i Eika eigde per siste årsskifte 14,6 prosent av Kredittbanken AS, som er eit leiande selskap i Noreg innan usikra kreditt som kredittkort og usikra nedbetalingslån. Desse selskapa representerer eit strategisk eigarskap og utgjer ein viktig del av bankane si produktportefølje.
Eika Kundesenter og Eika Servicesenter leverer tenester til bankane i alliansen som sikrar dei betre kundeservice gjennom auka tilgjenge og effektiv kommunikasjon med kundane.
I tillegg tilbyr Eika kompetanseutvikling og opplæring gjennom Eika-skulen, samt ei rekkje andre tenester innan mellom anna berekraft, næringspolitikk, kommunikasjon, marknad og merkevare. Alt for å dekkje lokalbankane sine ulike behov.
Eika Boligkreditt sikrar lokalbankane langsiktig og stabil finansiering.
Eika Boligkreditt er eit bustadkredittforetak eigd av nærare 50 norske lokalbankar. Eika Boligkreditt si oppgåve er å sikre tilgang til langsiktig og konkurransedyktig finansiering. Selskapet har løyve til å finansiere utlån ved å utstede internasjonalt ratede obligasjonar med fortrinnsrett (OMF). Det betyr at Eika Boligkreditt kan ta opp lån i den norske og internasjonale finansmarknaden, og søker finansiering der ein finn dei beste vilkåra. Gjennom Eika Boligkreditt får Ørskog Sparebank tilgang på langsiktig og svært gunstig finansiering, og kan halde oppe konkurransekrafta mot større norske og internasjonale banker.
Eika Boligkreditt har ved utgongen av tredje kvartal 2025 ein forvaltningskapital på om lag 130 milliardar kroner og er ein viktig bidragsytar til at lokalbankane oppnår lågare finansieringsrisiko og framleis kan tilby konkurransedyktige vilkår på bustadlån.
Styret er av den oppfatning at samarbeidet med selskapa i Eika er vesentleg for konkurransekrafta i Ørskog Sparebank. Samarbeidet er avgjerande for at Ørskog Sparebank skal kunne oppfylle målsettinga om å vere ein sjølvstendig bank.