God risikostyring er ein viktig føresetnad for at banken skal nå sine mål. Risikostyring og etterleving av policyar er difor sentralt i den daglege drifta og i fokus for styret. Ørskog Sparebank sin vedtekne risikopolicy gjev ein overordna omtale av prinsippa for risikostyring i banken. Policyen er saman med dokumentet ”Policy for styring og kontroll” overordna alt arbeid med risiko i banken. I tillegg er det vedteke policyar for dei viktigaste enkeltrisikoane; kredittrisiko, marknadsrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko.
Kredittrisiko
Kredittrisiko er risikoen for at banken vert påført tap i samband med kredittgjeving på grunn av at kunden ikkje klarer å oppfylle forpliktingane sine ovanfor banken. Kredittrisiko er det største risikoområdet i banken si verksemd, og er under kontinuerleg overvaking. Gjennom 2025 har den prosentvise delen av utlån til personkundemarknaden vore stabil. Det er ikkje grunnlag for å sjå at kredittrisikoen har auka vesentleg gjennom året. Engasjementa som er misleghaldne over 90 dagar er sikra med pant i fast eigedom, og banken ventar avgrensa tap på desse låna.
Banken har ei eiga kreditthandbok som omtalar rutinar, fullmakter og risikoavdekking. Alle lånekundar har ein eigen sakshandsamar, som også er ansvarleg for å følgje opp utviklinga i risikoen i låneengasjementet. Kredittrisikoen vert styrt gjennom forsiktig fullmaktsdelegering. I tillegg er det klare krav til dokumentasjon og beteningsevne for kundar som får innvilga kreditt, samt krav til tryggleik for engasjementa. Alle lån, kredittar og garantiar som ligg utanfor spesifiserte grenser for fullmaktsdelegasjonane, skal handsamast av styret.
Risiko i utlåna vert kontinuerleg overvaka for å avdekke sjansane for misleghald og for å kalkulere tap dersom misleghald skulle inntreffe. Banken sin kredittrisiko summerer seg opp til ei mengde av små enkeltrisikoar mot privat- og bedriftskundemarknaden.
Kredittrisikoen blir mellom anna overvaka ved at styret jamleg går gjennom rapportar om misleghald og overtrekk på konti og lån. Konsentrasjonsrisiko er risikoen banken har for at eitt eller fleire engasjement kan bli mislighaldt på grunn av negativ utvikling hos ein større kunde eller ein heil næringssektor.
Ørskog Sparebank har eit bevisst forhold til diversifisering av utlånsportefølja kring bransjar, pant og storleik på enkeltengasjement. Banken søker å diversifisere mellom dei ulike segmenta og å unngå risiko i bransjar der ein ikkje har nok kompetanse eller er usikre på den generelle framtidige risikoen
Kontrollen over risikoen i porteføljen skjer ved hjelp av Eika Gruppa sitt risiko-klassifiseringssystem. Her vert alle kundar klassifiserte etter sannsynleg misleghald og på bakgrunn av ei rekkje objektive kriterium. Det meste av banken si utlånsportefølje er framleis innanfor godt sikra bustadlån. I 2025 har banken hatt få misleghaldne lån, men arbeider likevel aktivt med den delen av porteføljen der sjansen for misleghald er størst.
Relativt sett, høge renter, auka inflasjon samt svak kronekurs har trekt kjøpekraft inn frå forbrukarane dei siste åra, men banken ser ikkje stigande arbeidsløyse i den geografiske hovudmarknaden, og har heller ikkje registrert nokon stor auke i konkursar.
Utsiktene lokalt er litt meir positive no grunna forventingar om lågare rentenivå framover. Banken ser teikn til aukande igangsettingsgrad av nye bustadar. Banken sine kundar i dette segmentet er mindre handverkskundar, som i like stor grad arbeider med rehabilitering som nybygg.
I banken sine utrekningar for forventa tap så har endringane i dei økonomiske forholda fått konsekvensar for makroøkonomiske scenarier og vektinger gjennom 2025. Sjå note 13.
Det er etablert gode rutinar og policyar som gjer sitt til at styret vurderer kredittrisikoen for banken til å vere låg.
Det ligg ikkje føre konkrete planar om endringar av kredittrisikonivået knytt til utlån og garantiar for 2025.
Marknadsrisiko:
Marknadsrisiko er risikoen for at banken får tap på verdipapirporteføljen på grunn av rente- og kursutviklinga i marknaden. I banken sin policy for marknadsrisiko kjem det fram at målet med eksponering i verdipapir er å sikre ei meiravkasting utover banken sin gjennomsnittlege fundingkostnad. Banken investerer berre i obligasjonar med rating på BBB+ eller betre. Styret ser til, på grunnlag av månadlege rapportar, at banken sin strategi og retningsliner for området vert følgde og er innanfor vedtekne rammer.
Banken har risiko for endringar i marknadsverdi på portefølja av obligasjonar og sertifikat som følgje av generelle endringar i kredittspreader. Det er etablert risikorammer som sikrar at porteføljen er diversifisert mot utstedarar, sektorar og geografiske områder.
Marknadsrisikoen i portefølja skal være låg og portefølja skal ha høg likviditet. Hovuddelen av portefølja skal kunne nyttast som sikkerheit for lån i Norges Bank.
Banken har etablert ekstern forvaltning av midlane gjennom ein avtale med Eika Kapitalforvaltning.
Styret vurderer banken sin marknadsrisiko som låg.
Likviditetsrisiko:
Likviditetsrisiko er risikoen for at banken ikkje klarer å oppfylle forpliktingane sine og/eller finansiere auken i eigedelar utan at det oppstår vesentlege ekstrakostnader i form av prisfall på eigedelar som må realiserast, eller i form av ekstra dyr finansiering. Banken nyttar ei rekkje ulike kjelder til finansiering, for å spreie risikoen.
Pr. 31.12.2025 har Ørskog Sparebank finansiert 13,3 % av forvaltningskapitalen tilsvarande kr. 544,6 millionar via finansiering frå kapitalmarknaden. Beløpet var i fjor kr. 494,8 millionar og finansieringsgraden var 13 % pr. 31.12.2024.
Framandkapitalmarknadene har gjennom året stått fram som meir attraktive med fallande risikopremiar. Løpetida på banken sine lån er fordelt over dei komande 4 åra for å minske likviditetsrisikoen ved å ha ein lang refinansieringshorisont. I tillegg til dette finansierer banken nye utlån med innskot og ved å nytte Eika Boligkreditt.
Vidare er banken sine utlån finansiert 86,2 % med innskot pr. 31.12.2025, mot 85,6 % same tidspunkt i fjor. Innskota er i all hovudsak mange og relative små. Det er viktig for banken å ha ei diversifisert innskotsportefølje der store enkeltinnskot som hovudregel skal unngåast. Under visast fordeling av innskot i % av dei totale innskota:
Største innskot: 1,42 % (1,43 %)
5 største innskot: 4,18 % (4,39 %)
10 største innskot: 6,48 % (6,96 %)
Eit viktig mål i styringa av likviditetsrisikoen er LCR (Liquidity Coverage Ratio). Dette er eit mål på banken si mengde og kvalitet på ulike typar likviditet. Krava er at banken skal ha ei mengde av likvide eigedelar som tilseier eller overstig verdien av ein mogeleg netto kontantutgang over 30 dagar i eit visst stresscenario. Føresetnaden i eit slikt scenario er at ein viss del av kundeinnskota vert trekte ut, det blir vanskelegare å skaffe ny finansiering i marknadene, og kapitalmarknadane fungerer ikkje som normalt.
Pr. 31.12.2025 rapporterer Ørskog Sparebank ein LCR på 327 %. Banken ligg, med god margin, innanfor gjeldande LCR krav på 100 %. På same tid i fjor var LCR på 161 %. Endringa skuldast samansetning av banken sine innskot som endrar seg frå år til år.
Utover dette har Ørskog Sparebank også ein trekkrett i DNB Bank ASA på kr. 190 millionar. Banken har ikkje trekt på denne ramma ved årsskiftet. Banken har og ein unytta lånetilgang i Norges Bank på kr. 190 millionar samt innskot i Norges bank på kr. 84,2 millionar.
Banken si likviditetsstyring vert gjennomført i samsvar med banken sin likviditetspolicy. Likviditetspolicyen vert gjennomgått og revidert kvart år av styret. Likviditeten og fundingsituasjonen vert følgd opp dagleg, og styret får hyppig rapportering.
Styret vurderer banken sin likviditetsrisiko som låg.
Operasjonell risiko:
Operasjonell risiko er risikoen for tap som følgje av utilstrekkelege eller sviktande interne prosessar eller system, menneskelege feil eller eksterne hendingar. Tiltak knytt til operasjonell risiko skal vere basert på ein analyse av kostnad og nytte.
Styret legg vekt på å ha gode rutinar og system for å førebyggje og minske den operasjonelle risikoen i banken. Dette vert utøvd mellom anna ved gjennomgang og oppdatering av interne system, rutinar, retningsliner og beredskapsplanar.
Banken har også i 2025 jobba aktivt med å loggføre uønskte hendingar med vekt på hente læringseffekt av feil, manglar og hendingar som inntreff i drifta. Dette skal vere eit bidrag til å heve kvaliteten, auke effektiviteten og gjere banken meir robust på sikt.
Gjennom eit samarbeid med Eika Vis har banken innført eit policybasert risikostyringssystem. Det betyr at banken har ein oppfølgings- og kontrollstruktur som skal sørgje for at dei overordna rammene i strategiplanen og risikopolicyen vert følgde.
Banken nyttar fleire tenester innanfor rekneskap og rapportering som vert tilbydd av Eika Rapportering og Kompetanse. Med auka kompleksitet og omfang innanfor rapportering til det offentlege gir tenestene frå Eika Økonomiservice ein ekstra tryggleik for at banken si rapportering er i tråd med gjeldande regelverk.
Ørskog Sparebank har sett vekk depot-tenestene til Eika Depotservice. Ein av grunnane er å minske den operasjonelle risikoen ved ferieavvikling og fråvær.
For å redusere nøkkelpersonsrisiko og for å sørge for god kvalitet har banken også inngått samarbeid med eit ressurssenter i Eika knytt til anti-kvitvask.
Internkontrollen som vert gjennomført fortløpande, er eit viktig hjelpemiddel for å redusere den operasjonelle risikoen. På bakgrunn av denne rapporteringa av drifta og risikosituasjonen gjennom året, meiner styret at banken har hatt godt oversyn over den operasjonelle risikoen i 2025. Styret vurderer den operasjonelle risikoen som låg.
Risikostyringa skal til ei kvar tid gi Ørskog Sparebank kontroll på dei risikoane som finst for banken. I tilfelle der risikoen er større enn det banken aksepterer, skal det straks setjast inn tiltak for å redusere denne risikoen. Det skal leggjast vekt på å ha fokus på dei risikoane som har dei største konsekvensane. Styret legg stor vekt på å ha ei fortløpande styring og oppfølging av alle risikoar som banken er eksponert for.