Innleiing frå banksjef
2025 har vore eit godt år for Ørskog Sparebank. Dette skjer grunna godt arbeid frå bankens tilsette i ein stabil makroøkonomisk situasjon med høgt rentenivå. Banken har styrka sin finansielle posisjon og er godt posisjonert for vidare vekst og utvikling. I 2025 har dei tilsette jobba mykje med prosjekt og utvikling for å bli enda betre rådgjevarar for kundane; alt for å sette oss i stand til å levere på kundeløftet «tid til deg». Vi er ein lokal, nær og personleg bank som er til stades og dekker kundebehov ved små og store livshendingar. Med korte beslutningsvegar bidreg vi som støttespelar for små og mellomstore verksemder som skapar verdiar og arbeidsplassar på nordvestlandet.
Det økonomiske resultatet bidreg til å bygge banken sin kapitalbase ytterlegare. Dette er positivt både for banken sin økonomi, og for lokalsamfunnet. Ørskog Sparebank er ei sjølveigande stifting utan eksterne eigarar, og det betyr at det er lokalsamfunnet sine verdiar som aukar når vi tener pengar. Banken si reise dei siste 170 åra, er frå eit kornmagasin i 1857 til ein sparebank med ein eigenkapital på over ein halv milliard kroner i 2025, og 27 tilsette.
Banken må vekse for å bygge kapital til å kunne finansiere nye prosjekt og bustader, og vi har i 2025 oppnådd den utlånsveksten vi hadde rekna med. Faktisk er veksten langt sterkare hos små sparebankar enn hos større konkurrentar, og talla våre viser at vi har eit berekraftig forretningskonsept. Veksten gjer at vi kan jobbe vidare framover for å vere ein robust, skikkeleg og god samarbeidspartner for våre kundar. Vi har utvida kontoret vårt på Moa, og gjennom god rådgjeving og konkurransedyktige vilkår skal vi vekse vidare med nye kundar framover.
Når det går bra med banken så skal det også merkast i lokalsamfunnet. Vi deler difor i år ut eit rekordhøgt beløp i gåvemidlar til lag og foreiningar i banken sitt nedslagsfelt. Midlane bidreg til at små og store prosjekt kan bli realisert, at lag og foreiningar kan drive sin aktivitet og at det er bu-lyst og aktivitet i distriktet vårt.
Det har ikkje blitt enklare å drive bank dei siste åra. Strengare regulatoriske krav, meir rapportering og auka kompleksitet i regelverket stiller enda sterkare krav til banken si verksemdsstyring og kostnadskontroll. Nytt i 2025 er DORA regelverket som skal sørge for at finansinstitusjonar får enda betre motstandskraft mot ulike digitale truslar. Banken må bruke store ressursar for å tilpasse seg dei nye lovpålagte krava. Når ein skal drive ei kompleks konsesjonsbelagt verksemd ser banken stor nytte av å være ein del av Eika alliansen. Dette er ein sentral del av banken sin strategi for å halde på sjølvstenda til Ørskog Sparebank. Eg vil derfor nytte dette høvet til å rette ei stor takk til dei dyktige medarbeidarane i Eika som arbeider for å styrke lokalbankane rundt om i Noreg.
Eg vil også takke dei tilsette og dei tillitsvalde i dei ulike formelle organa i banken. Grunna deira engasjement, innsats og entusiasme skal vi halde fram den gode utviklinga banken er inne i. Saman skal vi syte for at Ørskog Sparebank er ein solid, konkurransedyktig og sjølvstendig bank også i åra framover.
Eirik Kavli, Banksjef

