Disponering av overskot skjer i form av avsetjing til sparebanken sitt fond og avsetjing til gåver. Årsresultatet etter skatt og vart kr. 39,2 millionar som styret gjer framlegg om vert disponert på følgjande måte:
Overført til sparebanken sitt fond kr. 37,7millionar
Overført til gåver kr 1,5 millionar
IFRS tillèt ikkje å bokføre gaveavsetninga før beløpet er vedteke av forstandarskapet. Gåvemidlane på kr 1,5 millionar er difor disponert på same vis som det som vart overført til sparebanken sitt fond. Disponeringa blir deretter bokført så snart forstandarskapet har vedteke beløpet i 2026. Gåvebeløpet for 2024 var 1,5 millionar og disponeringa av dette blei postert i 2025.
Avkastning på eigenkapitalen
Avkastinga på eigenkapitalen etter skatt utgjorde i 2025 10,76 % mot 8,55 % i 2024.
Kapitaldekning og eigenkapital
Banken sin bokførte eigenkapital er på kr. 513,5 mill kr. pr. 31.12.2025.
Sum eigenkapital (sparebanken sitt fond, gåvefond, overkursfond og fondsobligasjonskapital) var ved utgangen av året på kr. 553,53 millionar mot kr. 506,48 millionar året før. Uvekta kjernekapitalandel (Leverage Ratio) utgjorde 12,5 % ved utgangen av året, mot 12,5 % året før.
Morbanken rapporterer ved utgangen av 2025 ein rein ukonsolidert kjernekapitaldekning på 26,43 % mot 23,77 % året før. Banken har fram til 4. kvartal 2024 praktisert å ta andel av eigarskap i selskap som forholdsmessig blir konsolidert inn til frådrag i rein kjernekapital i morbanken. Dette prinsippet vart endra i 4Q 2024, på lik linje med resten av bankane i alliansen. Ved rapportering frå 4. kvartal 2024 samsvarer dette med unntaksregelen i utrekningsforskrifta § 18 bokstav c, som tilseier artikkel 49.2 i CRR. Dette medfører at banken hamnar under terskelverdi på 10 % for frådrag, og gir ei auke i kapitaldekning på morbank-nivå. Prinsippendringa medfører ingen endring for dei forholdsmessig konsoliderte tala. Historikken er ikkje omarbeidd.
Risikovekta utrekningsgrunnlag har minka frå kr. 1,935 mrd. til kr. 1,908 mrd. frå 2024 til 2025.
Ansvarleg kapitaldekning er ved årsskiftet er 30,63 % samanlikna med 27,9 % i 2024. I 2024 utstedte banken ein fondobligasjon på kr. 40 millionar Banken har og eit ansvarleg lån på kr. 40 millionar som inngår i utrekninga av ansvarleg kapitaldekning. Det ansvarlege lånet vart refinansiert i 2025.
Frå 01.01.2019 vart ein pliktig til å gjennomføre førehaldsmessig konsolidering av eigarandelar i finansføretak som deltek i ei samarbeidande gruppe.
Målt mot netto risikovekta utrekningsgrunnlag konsolidert på kr 2.232.979 millionar. (2024 = 2.272.985) millionar. er:
Banken sin reine konsoliderte kjernekapital er styrka i løpet av 2025 grunna 3 forhold:
Nytt kapitaldekkingsregelverk
Høgare eigenkapitalavkasting enn utlånsvekst,
Samansetning i banken sitt utrekningsgrunnlag. Sjå note 4.
Styret gjennomfører årleg ein kapitalvurderingsprosess med basis i ei analyse av banken sine risikofaktorar (ICAAP) og vurderer kapitalbehovet opp i mot framtidige kapitalbehov og det nye kapitalkravsregelverket. Banken sine kapitalmål er fastsett med ein solid margin ned mot offentlege krav, for å oppretthalde marknadsposisjonen som ein solid sparebank.
Banken fekk i februar 2024 vedtatt eit Pilar 2-krav frå Finanstilsynet på 2,1 % av same utrekningsgrunnlaget som for Pilar 1. Dette er på nivå med banken sine eigne utrekningar. Pilar 2 kravet skal dekkast av 56,25 % rein kjernekapital, og minst 75 % kjernekapital. Kravet tok til å gjelde 31.03.2024.
Krav til rein kjernekapital er pr. 31.12.2025 på 16,68 % inkludert kapitalkravsmargin og ved utgangen av året har Ørskog Sparebank ein rein konsolidert kjernekapital tilsvarande 22,46 %.
I 2025 vart det innført endringar i kapitaldekkingsregelverket. Som venta gav dette små og mellomstore bankar likare konkurransevilkår opp mot dei store bankane. Dette er godt nytt for kundar og næringsliv, særskilt i distrikta. Endringane gjer at banken kan fortsette å levere gode tenester og være til stades med kunnskap og kapital i lokalsamfunnet også i framtida.
Kontantstraum
Kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar er noko høgare enn resultat før skatt. Dette skuldast kostnader i resultat utan kontanstraumsvirkning som avskrivingar og kredittap.