Ørskog Sparebank er ein sjølvstendig sparebank med hovudkontor på Sjøholt i Ålesund Kommune, og med eit rådgjevarkontor nær handelssenteret Moa utanfor Ålesund sentrum. Banken tilbyr rådgjeving innanfor banktenester, forsikring, og økonomisk framtid. Banken sin strategi er å skape lønnsam og berekraftig vekst. Banken har 27 tilsette og er ein bank i Eika-alliansen. Banken blei stifta i 1857 og har ei lang historie der nøktern drift, samfunnsansvar, personleg kundeoppfølging og samarbeid står sterkt.
Ørskog Sparebank er i norsk samanheng liten sparebank med eit breitt tilbod av produkt og tenester. Banken si hovudmålsetjing er å vere nær kundane, og gjennom god rådgjeving skape verdiar for ei betre framtid. Banken har som mål å bestå som ein sjølvstendig bank gjennom lønsam, berekraftig og balansert vekst. Banken er organisert som ei sjølveigande stifting der ein har full styring på banken sin kapital, og der alle vedtak vert gjort lokalt.
Visjon, verdiar og kundeløfte
«Med nærheit og god rådgjeving skaper vi verdiar for ei betre framtid» er Ørskog Sparebank sin tydelege visjon. Visjonen er støtta opp under ein forretningsidé om at vi skal vere ein nær og personleg bank som dekker kundebehov innanfor sparing og forsikring med produkt frå Eika og Fremtind som vi er medeigarar i.
Banken sine verdiar er Stolt, Engasjert og Til stede. Verdiane skal styre åtferda både internt i banken og ut mot kundane. Gjennom ein moderne og ambisiøs bedriftskultur, skal vi sørge for å utvikle banken til det beste for lokalsamfunn, kunder og tilsette.
«Tid til deg», er banken sitt kundeløfte og representerer viktige prinsipp som kundane skal nyte godt av.
Marknadsområde og segment
Banken sitt primære marknadsområde er i tillegg til Ålesund kommune kommunane kring Storfjorden, Vestnes kommune og randsona rundt Ålesund. Av samla utlån til både person- og bedriftsmarknad er 75 % av låna til kundar i desse områda. Der det er strategisk riktig i eit utviklingsperspektiv, vil det også være mogleg å hente kunder frå andre geografiske områder. Banken har tilpassa konsept for ulike kundegrupper (alder, økonomisk stilling, etc.)
78 % av banken sine balanseførte utlån er til personkundemarknaden, medan dei øvrige låna er gjevne til bedriftsmarknaden. Om ein inkluderer utlån plassert i Eika Boligkreditt, er andelen 84 %.
Banken er oppteken av å medverke til samfunnsutvikling og bu-lyst i regionen, og har også i 2025 teke del med midlar og ressursar til verdiskaping innanfor dette området.