Ørskog Sparebank har i 2025 oppnådd eit resultat før skatt etter tap på kr. 49,9 millionar mot kr. 54,1 millionar i 2024. Resultat etter skatt og tap vart kr. 39,2 millionar mot 42,1 millionar i 2024. Dette er ein tilbakegang på kr. 2,9 millionar.
Resultat etter skatt og tap
39,182
Mill. Kr.
Oppskriving av banken sine aksjar i Eika Gruppen og andre tilknytte selskap, gir eit samla totalresultat for året på kr. 52,6 millionar mot 38,5 millionar året før. Dette gir ein eigenkapitalavkasting i 2025 på 10,76 % mot 8,55 % i 2024.
Totalresultat
52,556
Mill Kr.
To rentekutt frå Norges Bank i 2025 har ført til at rentenettoen har falt. Frå 2,37 % pr. 31.12.2024 har rentenettoen gått tilbake til 2,25 % pr. 31.12.2025. Trass i sterk konkurranse innanfor skadeforsikringsområdet bidrog høg aktivitet og premievekst til at dei samla provisjonsinntektene auka, og endte på kr. 22,4 millionar mot kr. 21,2 millionar i fjor. Banken har auka overføringsgraden til Eika Boligkreditt noko som også forklarer auken i provisjonsinntekter.
Utlånsvekst
10,3 %
Banken sine innskot frå kundar auka i 2025 med kr. 165 millionar. Dette gir ein vekst på 6 %. Utlån inkludert lån plasserte i Eika Boligkreditt auka med kr. 445,9 millionar som tilseier ein årsvekst på 10,3 %. Dei samla utlåna passerte kr. 4,7 milliardar og banken sin forretningskapital er pr. 31.12.2025 på kr. 5,4 milliardar og inkluderer låna som er plasserte i Eika Boligkreditt.
Banken har ein rein konsolidert kjernekapitaldekning på 22,46 % pr. 31.12.2025 mot 20,13 % året før.
Rekneskapsprinsipp
Banken nyttar rekneskapsstandarden IFRS. Rekneskapen er avlagt etter føresetnad om fortsett drift, som etter styret si vurdering er til stede.
Ørskog Sparebank eig 73,91 % av Sjøholt Næringsbygg AS som igjen eig næringsbygget i Sjøholt sentrum. Selskapet er eit eigedomsselskap med ein langsiktig leigeavtale med Ålesund kommune. Selskapet har ingen tilsette. I rekneskapen til banken er selskapet definert som eit dotterselskap. Verksemda er vurdert som ubetydeleg i denne samanhengen. Dei fleste tal som er kommentert i årsrapporten, er difor knytt til banken sin aktivitet. Konserntal er berre tatt med i dei notane der det er naudsynt.
Ørskog Sparebank er aksjonær i Eika Gruppen AS, Eika Boligkreditt AS og Kredittbanken ASA. Banken er ein av alliansebankane i Eika Alliansen.
Banken plikter å gjennomføre førehaldsmessig konsolidering av eigarandelar i finansføretak som deltek i ei samarbeidande gruppe. Dette kjem fram i utrekning av soliditet i note 4.
Netto rente- og kredittprovisjonsinntekter
2,25 % (2,37 %)
Rentenettoen har minka frå 2,37 % i 2024 til 2,25 % i 2025.
89,3 mill kr. (89,1 mill kr.)
Netto rente og kredittprovisjons-inntekter aukar med 0,2 mill kr.
Netto rente- og kredittprovisjonsinntekter vart på kr. 89,3 millionar i 2025 mot kr. 89,1 millionar i 2024. Målt i forhold til gjennomsnittleg forvaltningskapital er rentenettoen på 2,25 % i 2025 mot 2,37 % i 2024.
Norges Bank satt ned styringsrenta frå 4,5 % til 4 % i løpet av 2025. Frå 2021 vart styringsrenta heva frå 0 % og alle renteaukane har styrka banken sin rentenetto dei siste åra. Gjennom denne perioden er banken sin innskotsmargin styrka, og når rentenivået går tilbake så blir innskotsmarginen svekka. Gjennom 2025 har banken sin utlånsmargin har vore stabil.
Ein effekt av Norges Bank sine rentekutt er auka merksemd frå mediene kring nordmenn sin privatøkonomi, og ulike organisasjonar sitt fokus på at privatkundane bør nytte forbrukarmakta si for å oppnå gode rentevilkår. Saman med banken sitt langsiktige arbeid for å utvikle ein solid marknadsposisjon har dette vore med på å drive fram ein robust og lønsam kredittvekst i 2025.
Provisjonsinntekter og inntekter frå banktenester
22,4 mill. kr. (21,2 mill kr.)
Banken sine provisjonsinntekter aukar med 1,2 mill. kr.
5,7 mill. kr. (2,6 mill kr.)
Utbytte frå Eika Gruppen og Eika Boligkreditt har auka med 3,1 mill kr.
Provisjonsinntekter og inntekter frå banktenester vart i 2025 på kr. 22,4 millionar. Dette er ei auke frå kr. 21,2 millionar i 2024. Provisjonsinntektene frå Eika Boligkreditt har auka ettersom mykje av banken sin utlånsvekst gjennom året er finansiert gjennom denne kanalen.
Banken erfarte i 2025 ein skjerpa konkurransesituasjon på forsikringstenester, men har gjennom året hatt ein god porteføljevekst drevet av auka premieinntekter. Banken legg vekt på heilskaplege kundeforhold der kundane samlar alle sine bank- og forsikringsbehov i Ørskog Sparebank og inntektene er viktige for banken sine resultat.
Banken sine kundar har gjennom året spart meir utanom tradisjonelle sparekonto, og har ei aukande portefølje av aksje-, rente- og kombinasjonsfond. Banken registrerer vekst i inntektene frå provisjonar og gebyr for verdipapirforvaltning.
Utbytte og andre inntekter av verdipapir
Utbytte og andre inntekter av verdipapir vart kr. 5,7 millionar mot kr. 2,6 millionar i 2025. Dette er i hovudsak utbytte frå Eika Gruppen og Eika Boligkreditt der banken er deleigar.
Banken har auka sin eigarandel i Eika Gruppen dei siste åra, og eig pr. 31.12.2025 0,69 % av aksjane i Eika. Dette er ei strategisk investering for banken der vi er med på å sikre utvikling av ein sterk bankallianse som støttar opp under Ørskog Sparebank si framtidige utvikling.
Banken si obligasjonsportefølje, som er ein del av banken sin likviditetsberedskap, utgjer ved årsskiftet kr. 313 millionar mot kr 308 millionar året før. Svingingar i marknaden, eit stigande rentenivå og nedskrivning av finansielle eigendeler har totalt sett ført til ei netto auke i verdiar på kr. 0,1 millionar mot eit netto verditap på kr. 0,5 millionar i 2024.
Andre driftsinntekter
Dei øvrige inntektene, i hovudsak husleigeinntekter, var uendra i 2025 på nær kr. 0,6 millionar.
Verdiendring
Fremtind og Eika Forsikring fusjonerte i 2024. Grunna denne transaksjonen og påfølgande verdivurdering har banken i 2025 banken skrive opp verdien av aksjeposten i Eika Gruppen. Saman med øvrige verdiendringar er dette ført over utvida resultat og utgjer akkumulert sett kr. 13,5 millionar. I fjor var samla verdiendringar på -3,6 millionar.
Verdsettinga av Eika Gruppen følgjer ein såkalla SOTP ”sum-of-the-parts”- tilnærming, det vil sei at alle dotterselskap er verdsett kvar for seg i tillegg til ein samla verdi for konsernet totalt basert på relevante verdsettingsmetodar. Denne verdsettinga blir vurdert opp mot sist kjende emisjons- og/eller omsetningskurs som igjen tek omsyn til bankens eigne vurderingar fram til balansedagen
Sjå elles note 25.
Kostnader
57 % (49 %)
Kostnadsprosenten har auka med 8 %poeng siste 12 mnd.
62,2 mill kr. (53,5 mill kr.)
Auke i løns- og
administrasjonskostnadar.
Kostnadene utgjorde i 2025 57 % mot inntektene. Dette er forverring frå 49 % førre år. Kostnadsgraden blir utrekna ved å dele sum driftskostnadar før tap på summen av netto renteinntekter og andre driftsinntekter. Utbytte og netto verdiendring på finansielle instrument er ikkje med i utrekningane.
Løns- og administrasjonskostnader vart i 2025 kr. 62,2 millionar mot kr. 53,5 millionar i 2024. Endringa skuldast fleire forhold;
Banken er to årsverk fleire ved utløpet av 2025 enn i 2024; noko som saman med den generelle veksten i løner er med på å forklare endringa i kostnadsprosent. Banken har i 2025 også investert i strategiske utviklingsprosjekt som skal styrke den langsiktige merkevarebygginga og verdiforslaget overfor kundane. Styret ventar at prosjekta gir seg uttrykk i form av auka provisjonsinntekter og utlånsvekst i tida framover.
Dei siste åra har det også vore eit auka trykk på aktivitetar innanfor rapportering og etterleving av regelverk. Særleg innanfor området anti-kvitvasking bruker banken mykje tid og ressursar på å sikre at krava i lovverket blir haldne. I 2025 har banken også brukt ressursar på etablering av eit rammeverk for å etterleve DORA regelverket (Digital Operational Resilience Act) som vart innført i 2025.
Det har dei siste åra vore store IT-investeringar frå Eika Alliansen i nye dataprogram og system som skal tilfredsstille framtidige krav til effektiv saksgangs- og låneproduksjonssystem. Banken ser ei rekkje positive effektar av IT investeringane, men registrerer at også på dette området er det ein vesentleg kostnadsauke. Den generelle prisauken på varer og tenester ein har sett i samfunnet for øvrig dei siste åra, treff også banken på dette området.
Styret følgjer tett opp kostnadsutviklinga og administrasjonen arbeider kontinuerleg med å auke effektiviteten og å stabilisere kostnadsnivået.
Svindel
Gjennom dei siste åra har banknæringa erfart ein eksplosiv auke i svindel, der kriminelle gjennom ulike metodar manipulerer bankkundar til å gje frå seg kodar til bankID. Tapa knytt til svindel blir ført som ein driftskostnad, og banken har i 2025 bokført tap på ca. kr. 181.000,- knytt til slik svindel. Tapet utgjorde i 2024 kr. 462.000,- Saman med Eika Gruppen er det gjort store investeringar i IT system som skal hindre slik svindel, og banken ser positive effektar av programvarene. Styret har vore opptatt av at banken skal vere proaktiv i sin kommunikasjon ut mot kundane, og jobbe for å auke kompetansen knytt til svindel. Banken har difor gjennomført fleire informasjons- og temamøte om svindel også i 2025.
Tap
Banken klassifiserer utlån i tre kategoriar. I steg 1 ligg alle ordinære låneengasjement som blir betalt som avtalt. I steg 2 ligg lån med auka sannsynlegheit for misleghald. Til slutt ligg blir engasjement som er kredittforringa og misleghaldne i steg 3. Disse låna får spesifikke og individuelle tapsavsetnader. Sjå note 5.
Bokførte tap på utlån og garantiar utgjorde netto kr. 2,9 millionar mot kr. 2,8 millionar året før. Dei bokførte tapa utgjorde 0,08 % av brutto utlån i 2025 mot 0,09 % i 2024. Beløpet er sett saman av endringar i modellutrekna tap, konkursar, men også inntektsføring av tidlegare tapsavsetnader. Sjå note 11.
Styret erfarer at banken jamt over har ei sunn utlånsportefølje, men at makrosituasjonen dei siste åra tilseier at det har vore rett å gjere tapsavsetnader på einskilde låneengasjement. Utviklinga i 2025 synes generelt at kundane har handtert auka renter og prisstigning betre enn venta.
Misleghald
Banken erfarer også i 2025 lågt omfang av misleghald. Pr. 31.12.2025 har banken lån eller kredittar på til saman kr. 8,9 mill som er misleghaldne i meir enn 90 dagar. Samla utgjer dette 0,3 % av brutto utlån mot 0,2 % i fjor. Banken jobbar tett med kundane, og følgjer nøye opp restansar og overtrekk.
Kredittforringa lån
Brutto kredittforringa lån utgjer totalt 1,7 % som er ei auke frå 1,2 % ved utgangen av 2024. Dei kredittforringa låna er i hovudsak sikra med pant i fast eigendom, og banken ventar avgrensa tap frå engasjementa.
Mellom banken sine bedriftsmarknadskundar er det særleg aktørar knytt til bygg og anleggsnæringa som er råka av lågare aktivitet og pressa marginar. Banken har låg eksponering mot næringa, og har svært avgrensa utlån knytt til oppføring og sal av bustader. Banken arbeider grundig med oppfølging av den mest risikoutsette delen av porteføljen, og har tett dialog kring utvikling av likviditetssituasjonen hos desse føretaka.
Banken har i 2025 gjort nokre individuelle tapsavsetnader på eit større omfang av kundar, samt registrert dei som kredittforringa i samband med at det er ytt avdragsfritak eller liknande.
Summen av netto kredittforringa engasjement frå bedrifts- og privatmarknaden var på kr. 48,8 millionar mot kr. 32,5 millionar i 2024. Dette utgjer 1,4 % av netto utlån i 2025 samanlikna med 1,00 % i 2024. Sjå note 8.
Styret følgjer tett opp porteføljeutviklinga kvar månad. Styret meiner at dei tapsvurderingane som er gjennomførte, og dei nedskrivingane som er gjort, er tilstrekkelege for den tapsrisiko som er i banken sin låne- og garantiportefølje.