For Ørskog Sparebank er utviklinga innanfor arbeidsmarknaden og bustadmarknaden mellom dei viktigaste drivarane for banken si økonomiske utvikling. Banken si oversikt over misleghald og overtrekk syner at kundane jamt over har god økonomi, og verkar tole dei høge rentene og prisstigninga på ein god måte.
Banken har sett i verk fleire strategiske og operative tiltak for å oppretthalde en god utlånsvekst i tida framover. Banken er mellom anna posisjonert med eit rådgjevningskontor på Moa. Banken sitt beteningskonsept er fundert på Heilskapleg Økonomisk Rådgjeving (HØR). I 2025 har banken arbeidd mykje med å forankre metodikk og arbeidsmetodar, der målsettinga er at banken skal bli enda meir proaktiv i å avdekke kundebehov og komme med løysingsforslag knytt til sparing og forsikring.
Banken får mange nye kundar basert på referansar, positiv omtale og tips frå andre nøgde kundar. Styret er opptekne av at banken held fram den langsiktige jobben for å bygge oppunder eit solid omdøme som ein påliteleg, skikkeleg, effektiv og serviceinnstilt bank. Som nemnt tidlegare i rapporten er det investert ressursar i banken sin langsiktige merkevare, som skal tydeleggjere posisjonen som ein konkurransedyktig, offensiv og lokal bank i vekst. Andre viktige fokusområde vil vere betre lønsemd, betre salsresultat og god kvalitet på arbeidet i alle ledd.
I takt med auka omfang av rapportering til myndigheitene, meir omfattande rekneskapskrav og kontrolloppgåver, ventar styret at banken må bruke mykje ressursar på god etterleving i 2026. Det er eit overordna mål for styret at banken har god kostnadskontroll, ei nøktern drift og organiserer seg på ein rasjonell og effektiv måte som kjem kundane til gode.
Ørskog Sparebank er ein viktig bidragsytar til lokal samfunns- og næringsutvikling. Sponsoravtaler, gåver og andre aktivitetar vil også framover bidra til dette.
Med ei robust finansiell plattform, høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar står banken godt rusta til vidare positiv utvikling.
Styret er opptekne av at banken skal halde oppe ein solid kapitalsituasjon som gjer ein rusta til å ha ein lønsam og robust vekst i åra framover.
Styret ventar at etterspurnaden etter lån frå marknaden held fram gjennom året grunna banken sin sterke marknadsposisjon. Utsiktene til ein balansert og lønsam kredittvekst er framleis til stades grunna banken sitt sterke omdømme. Banken har rekruttert nye tilsette, og utvida rådgjevingskontoret på Moa. Med nye kapitaldekningsreglar har banken god kapasitet til vekst kommande år. Banken arbeider med interne utviklingsprosjekt som gjer at styret ser positivt på korleis inntektene vil utvikle seg i 2026.
Styret trur at den positive utviklinga for banken vil halde fram i 2026 og legg opp til ein kontrollert men ambisiøs utlånsvekst i året som kjem. Styret har difor grunn til å forvente eit økonomisk driftsresultat for banken i 2026 på linje med fjoråret.
Styret vil fortsette arbeidet for at Ørskog Sparebank skal vere ein sjølvstendig regional sparebank med sterk tilknyting til lokalsamfunnet.
Fortsett drift
Styret ser positivt på banken si vidare drift, og ser føresetnadene for vidare drift og ytterlegare utvikling av banken som å vere til stades. Styret meiner at den framlagte årsrekneskapen syner eit rett bilde av banken si stilling pr. 31.12.2025. Det har heller ikkje skjedd andre hendingar etter rekneskapsårets slutt som innverkar på dette. På bakgrunn av dette stadfester styret at rekneskapen er framlagd under føresetnad av fortsett drift.