Ørskog Sparebank oppnådde eit resultat etter tap og skatt på 30,1 mill. kr. pr. 30.09.25. Dette er 1 mill. kr. svakare enn pr. 30.09.2024 og skuldast auka kostnader og auka avsetnader for tap. Banken sine totale utlån inkludert Eika Boligkreditt viser det siste året ein auke på 11,4 %, som i hovudsak kjem frå auka aktivitet i bustadmarknaden og etterspurnad frå nye privatkundar. Kostnadsgraden aukar med basis i vekst til løner, fleire tilsette og den generelle kostnadsauken. Den underliggande bankdrifta er solid og banken sin marknadsposisjon er sterk. Grunna verdiendring på aksjar vart det utvida resultatet på 35,4 mill. kr. noko som gir ein avkastning på eigenkapitalen på 9,8 %
Resultat etter tap og skatt
30,1 mill
Pr. 30.09.25
Resultatrekneskapen
Kvartalsrekneskapen er sett opp i samsvar med reglane i rekneskapslova av 17. juli 1998 og forskrift om årsrekneskap i bankar m.v. og banken nyttar rekneskapsspråket IFRS.
Ørskog Sparebank eig 73,91 % av Sjøholt Næringsbygg AS som igjen eig næringsbygget i Sjøholt sentrum. Selskapet er eit eigedomsselskap med ein langsiktig leigeavtale med Ålesund kommune. Selskapet har ingen tilsette. I rekneskapen til banken er selskapet definert som eit dotterselskap. Verksemda er vurdert som ubetydeleg i denne samanhengen. Dei fleste tal som er kommentert i årsrapporten, er difor knytt til banken sin aktivitet. Konserntal er berre tatt med i dei notane der det er naudsynt.
Banken plikter å gjennomføre forholdsmessig konsolidering av eigarandelar i finansføretak som deltek i ei samarbeidande gruppe. Dette kjem fram i utrekning av soliditet i note 4.
Ørskog Sparebank har pr. 30.09.2025 eit resultat før tap og skatt på kr. 38,6 mill. Resultat før tap og skatt var pr. 30.09.2024 på kr. 40,7 mill.
Resultat etter tap og skatt er pr. 30.09.2025 kr. 30,1 mill., samanlikna med kr. 31,1 mill. året før grunna auka kostnader og auka avsetnader for tap.
Etter at utbytte frå Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS er fastsett i generalforsamlinga og utbetalt er aksjekursane justert, og den nye verdsettinga gir gevinst over utvida resultat.
Det utvida resultatet enda på 35,4 mill. kr. samanlikna med 26,4 mill. kr. for tilsvarande periode i 2024. Dette gir en eigenkapitalavkastning på 9,8 % mot 7,9 % same tidspunkt i fjor.
Totalresultat
35 401
MNOK
Egenkapitalavkastning
9,82 %
Rentenetto
Netto rente og kredittprovisjonsinntekter vart kr. 66,0 mill. noko som er høgare enn pr. utgangen av 3. kvartal 2024 (kr 65,8 mill.). Dette utgjer 2,23 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK), mot 2,36 % i fjor. Rentenettoen har svekka seg dei siste 12 månadane grunna lågare marknadsrenter og re-prising av portefølja med lån og innskot.
Andre inntekter
Provisjonsinntektene er kr. 16,5 mill. mot kr. 14,2 mill kr. pr. 30.09.2024. Banken arbeider målretta med rådgjeving overfor kundemassen, og erfarer auka provisjonsinntekter frå sal av forsikringstenester og Eika Boligkreditt, samt positiv utvikling i inntekter frå betalingsformidling.
Kostnadsutviklinga
Sum driftskostnader aukar med kr. 4,8 mill. og utgjer kr. 43,6 mill. mot kr. 38,7,0 mill. i fjor. Personalkostnader aukar med kr. 3,1 mill, i hovudsak grunna auke i årsverk, men også det generelle lønnsoppgjeret. Banken sine IT kostnadar aukar i takt med investering i gode løysingar som kjem kundane til gode.
Kostnadsprosenten justert for verdipapir utgjer 54,09 % pr. 30.09.2025 mot 49,4 % pr. 30.09.2024.
Gjennom dei siste åra har banknæringa erfart ein eksplosiv auke i svindel, der kriminelle gjennom ulike metodar manipulerer bankkundar til å gi frå seg kodar til bankID. Saman med andre aktørar er det gjort ein stor innsats for å avgrense denne aktiviteten, og tapa knytt til svindel viser no ein nedgåande trend. Banken har pr. 30.09.2025 bokført tap på kr. 181.000,- knytt til slik svindel. Tapet utgjorde i kr. 367.000,- same tidspunkt i fjor.
Banken har i 2025 gjennomført fleire strategiske prosjekt som skal gi banken fortsett god vekst. Dette er kostnader styret venter vil styrke inntektene ytterlegare i tida framover.
Tap og misleghald
Resultatførte tap på utlån og garantiar per 3. kvartal 2025 utgjer kr. 3,4 mill. mot kr. 1,9 mill. same tidspunkt i fjor. Dette utgjer 0,1 % av brutto utlån. Banken gjer løpande vurderingar av dei einskilde låneengasjementa i banken, og erfarer i kvartalet ein auke i modellmessige nedskrivinger.
Trass i eit lågt omfang av lån i restanse og overtrekk er det gjennomført auke i einskilde individuelle tapsavsetnader som også er med på å forklare auka tapa i kvartalet. Netto misleghaldte engasjement over 90 dagar pr. 30.09.2025 utgjer kr. 17,1 mill samanlikna med kr. 10,0 mill pr. 30.09.2024
Styret har vurdert samansetjinga av banken si utlånsportefølje grundig, og ein forventer at framtidige kredittap – gitt dei føresetnadane som er lagt til grunn – vil bli moderate.
Balanseutvikling
Forvaltningskapitalen utgjer kr. 4.017 mill. mot kr. 3.773 mill. på same tidspunkt i fjor, tilsvarande ein vekst på 6,34 %.
Utlån
Netto utlån til kundar på eigen balanse er ved utgangen av 3. kvartal på kr. 3.398 mill., ein auke på 160 mill. kr. (+ 5 %) frå i fjor på same tidspunkt. Lån til personmarknaden utgjer brutto kr. 2.670 mill. og lån til bedriftsmarknaden inkludert landbruk utgjer kr. 742 mill. Andel lån til bedriftskundar inkludert landbruk utgjer 21,7 % av banken sine utlån i eigen balanse som er ein nedgang på 0,3 % samanlikna med same tid i fjor.
Utlån finansiert i Eika Boligkreditt AS er ved utgangen av 3. kvartal på kr. 1.309 mill., ein auke på kr 318 mill. frå same tidspunkt i fjor. Totale utlån, inkl. Eika Boligkreditt AS, utgjer til saman 4.722 mill. kr. noko som er ein auke på kr 484 mill. siste 12 månader. Dette tilseier ein samla vekst på 11,4 %.
Innskot
Banken sine innskot har auka med kr. 145 mill. siste 12 mnd., og utgjer no kr. 2.894 mill. Dette er ein auke på 5,3 %. Innskotsdekninga er på 84,2 % pr. 30.09.2025 mot 84,6 % pr. 30.09.2024.
Verdipapir
Banken si portefølje av aksjar, eigenkapitalbevis og fondsandelar utgjer kr. 134,0 mill. pr. 30.09.2025. Banken si obligasjonsportefølje utgjer kr. 340,0 mill.
Likviditeten er hovudsakeleg plassert i renteberande verdipapir, innskot i større bankar og i Norges Bank. Verdipapirplasseringane er i stat, kommunar og obligasjonar med fortrinnsrett. Dei aller fleste obligasjonane banken eig har flytande rente.
Banken sin kortsiktige likviditetsrisiko målt ved LCR var 225 % (385 %).
Kapitaldekning
Styresmaktene fastsett eit minimumskrav til banken sin eigenkapital. Ørskog Sparebank fekk i 2024 fastsett eit kapitalkrav (pilar 2 krav) som utgjer 2,1 prosent av det konsoliderte berekningsgrunnlaget etter finansforetakslova § 14-2. Minstekravet skal fyllast med minimum 56,25 % rein kjernekapital og minst 75 % kjernekapital. Banken skal ha ein samla buffer ut over minstekravet som består av rein kjernekapital, for å dekke summen av dei gjeldande bufferkrava i pila 1. Det vil seie at banken har eit krav til konsolidert rein kjernekapital på 16,7 % inkludert banken sin eigen styringsbuffer. Pr. 30.09.2025 hadde banken konsolidert rein kjernekapitaldekning på 21,23 % noko som er godt over styresmaktene sine mål, samt eigne mål til kapital.
Basel IV vart innført i Noreg med rapportering frå 2. kvartal 2025. I sum har innføringa gitt ein positiv effekt på kapitaldekninga for standardmetodebankane og likare konkurransevilkår i marknaden.
For banken isolert utgjer rein kjernekapitaldekning pr. 30.09.2025 24,56 %. Dette er ein auke frå 18,61 % same tidspunkt i 2024.
Ørskog Sparebank utstedte eit nytt ansvarleg lån på kr. 40 mill i juni 2025. Dette lånet har i kvartalet blitt nytta til å erstatte eksisterande lån som hadde innløysingsrett august 2025.
Rekneskapen er ikkje revidert, og overskotet hittil i år er ikkje inkludert i kapitaldekningsberekningane.
Avkasting på eigenkapitalen
Eigenkapitalen er på kr. 537,2 mill. pr. 30.09.2025 som utgjer 13 % av forvaltningskapitalen.
Eigenkapitalavkastinga over utvida resultat er ved utgangen av 3. kvartal 2025 på 9,8 % mot 7,8 % pr. 30.09.2024. Auke i avkasting skuldast større utbytte og verdiendring på aksjane i Eika Gruppen.
Risikovurdering
Kredittrisiko og likviditetsrisiko er dei mest vesentlege risikoområda for Ørskog Sparebank.
Kredittrisikoen for tap på utlån, plasseringar og garantiar blir framleis vurdert som låg, samstundes som banken sine individuelle nedskrivingar på utlån blir vurdert som tilfredsstillande ut i frå risikoen og utviklinga i låneportefølja. Banken søker å ha ein moderat risikoprofil. Det er lagt opp til tett oppfølging og kontinuerleg overvaking av engasjementa.
Kredittrisikoen blir mellom anna overvaka ved at styret jamleg går gjennom rapportar om porteføljekvaliteten, misleghald og overtrekk på konti og lån. Konsentrasjonsrisiko er risikoen banken har for at eitt eller fleire engasjement kan bli mislighaldt på grunn av negativ utvikling hos ein større kunde eller ein heil næringssektor.
Ørskog Sparebank har eit bevisst forhold til diversifisering av utlånsportefølja kring bransjar, pant og storleik på enkeltengasjement. Banken søker å diversifisere mellom dei ulike segmenta og unngå risiko i bransjar der ein ikkje har nok kompetanse eller er usikre på den generelle framtidige risikoen.
Banken har risiko for endringar i marknadsverdi på portefølja av obligasjonar og sertifikat som følgje av generelle endringar i kredittspreader. Det er etablert risikorammer som sikrar at porteføljen er diversifisert mot utstedarar, sektorar og geografiske områder.
Banken har ein likviditetsstrategi som gir grunnlaget for samansetnaden av innlån og forfallsstrukturen. Likviditetsstrategien med forfallsstruktur blir fulgt tett, og likviditetssituasjonen til banken er god. Banken har midlar disponibel på konti i bankar, unytta trekkrettigheiter, ei likvid obligasjonsportefølje og lånemoglegheiter i Norges Bank. Saman med ei god spreiing i forfallsstrukturen, vurderer styret likviditetsreserven for å være god.
Marknadsrisikoen i portefølja skal være låg og portefølja skal ha høg likviditet. Hovuddelen av portefølja skal kunne nyttast som sikkerheit for lån i Norges Bank.
Utviklinga så langt og utsiktene for resten av året
Nyheitsbiletet er framleis prega av geopolitisk uro, krig og jamlege endringar i tollsatsar og politikk frå USA. Norges Bank kutta styringsrenta i september månad, men signaliserer at det truleg ikkje blir fleire kutt i 2025. Ørskog Sparebank har varsla rentekutt på dei fleste innskot og utlånsprodukt på inntil 0,25 %poeng som vil gjelde frå november månad.
Banken erfarer ein balansert og lønsam vekst frå både personkunde- og bedriftsmarknaden, i all hovudsak frå kundar i bankens strategisk definerte marknadsområde. Gjeldsveksten i Noreg viser teikn til å auke, og banken erfarer no god investeringsvilje i kundemassen. Sjølv om konkurransesituasjonen er skarp viser banken sin utlånsvekst at marknadsposisjonen er sterk.
Banken sin strategi er basert på heilskapleg økonomisk rådgjeving av kunden sine behov, og gjennom aktiv kundeomsorg ventar styret fortsett vekst i provisjonsinntekter frå betalingsformidling, forsikring og sparing i tida framover. Banken har i løpet av året jobba med prosjekt, tiltak og aktivitetar som støttar opp om den ønska utviklinga.
Med banken sin solide eigenkapital og ein strategi om å vere ein nær, sjølvstendig og tilgjengeleg lokalbank, ventar styret at banken vil kunne oppretthalde ein sterk marknadsposisjon både i 2025 og framover.