Ørskog Sparebank oppnådde eit resultat etter tap og skatt på 6,36 mill. kr. pr. 31.03.2026 Dette er 2,03 mill. kr. svakare enn pr. 31.03.2025 og skuldast mellom anna svakare rentemargin og avsetnader for tap. Banken sine totale utlån inkludert Eika Boligkreditt viser det siste året ein auke på 8,46 %, men banken har i løpet av første kvartal erfart låg aktivitet i bustadmarknaden. Kostnadsgraden aukar med basis i vekst til løner, fleire tilsette og den generelle kostnadsauken. Den underliggande bankdrifta er god og banken sin marknadsposisjon er sterk. Grunna verdiendring på aksjar vart det utvida resultatet på 6,95 mill. kr. noko som gir ein avkastning på eigenkapitalen på 4,8 %
Resultat etter tap og skatt
6,637 mill
Pr. 31.03.2026
Resultatrekneskapen
Kvartalsrekneskapen er sett opp i samsvar med reglane i rekneskapslova av 17. juli 1998 og forskrift om årsrekneskap i bankar m.v. og banken nyttar rekneskapsspråket IFRS.
Ørskog Sparebank eig 73,91 % av Sjøholt Næringsbygg AS som igjen eig næringsbygget i Sjøholt sentrum. Selskapet er eit eigedomsselskap med ein langsiktig leigeavtale med Ålesund kommune. Selskapet har ingen tilsette. I rekneskapen til banken er selskapet definert som eit dotterselskap. Verksemda er vurdert som ubetydeleg i denne samanhengen. Dei fleste tal som er kommentert i årsrapporten, er difor knytt til banken sin aktivitet. Konserntal er berre tatt med i dei notane der det er naudsynt.
Banken plikter å gjennomføre forholdsmessig konsolidering av eigarandelar i finansføretak som deltek i ei samarbeidande gruppe. Dette kjem fram i utrekning av soliditet i note 4.
Ørskog Sparebank har pr. 31.03.2026 eit resultat før tap og skatt på kr. 10,97 mill. Resultat før tap og skatt var pr. 31.03.2025 på kr. 11,58 mill.
Resultat etter tap og skatt er pr. 31.03.2026 kr. 6,36 mill., samanlikna med kr. 8,39 mill. året før grunna svekka rentenetto og auka avsetnader for tap.
Justert for utvikling i sentrale verdipapir enda det utvida resultatet på 6,95 mill. kr. samanlikna med 8,90 mill. kr. for tilsvarande periode i 2025. Dette gir en eigenkapitalavkastning på 4,79 % mot 7,60 % same tidspunkt i fjor.
Totalresultat
6 946
MNOK
Egenkapitalavkastning
4,79 %
Rentenetto
Netto rente og kredittprovisjonsinntekter vart kr. 20,87 mill. noko som er lågare enn pr. utgangen av 1. kvartal 2025 (kr 22,06 mill.). Dette utgjer 2,07 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK), mot 2,32 % i fjor. Rentenettoen har svekka seg dei siste månadane, mellom anna grunna høgare marknadsrenter og ein marknad med auka konkurranse.
Andre inntekter
Provisjonsinntektene er kr. 5,72 mill. mot kr. 5,28 mill kr. pr. 31.03.2025 og tilseier ei auke på kr. 0,44 mill. Banken arbeider målretta med rådgjeving overfor kundemassen, og legg spesielt vekt på forsikrings- og spareområdet. Banken har siste 12 månadane overført fleire lån til Eika Boligkreditt, noko som gir auka provisjonsinntekter frå Eika Boligkreditt. Banken har den siste tida arbeidd spesielt med å auke frekvensen av avtalte kundemøter, der rådgjeving og avdekking av finansielle behov står sentralt.
Kostnadsutviklinga
Sum driftskostnader aukar med kr. 0,22 mill. og utgjer kr. 15,29 mill. mot kr. 15,07 mill. i fjor. Personalkostnader aukar med kr. 0,29 mill, i hovudsak grunna auke i årsverk, men også det generelle lønnsoppgjeret. Banken sine IT kostnadar aukar i takt med investering i gode løysingar som kjem kundane til gode.
Kostnadsprosenten justert for verdipapir utgjer 58,57 % pr. 31.03.2026 mot 57,03 % pr. 31.03.2025
Desember 2020 gjekk bankane i Eika-alliansen inn ein langsiktig avtale med Tieto Banktech om nytt kjernebanksystem. Samarbeidet er frå 01.01.2026 utvida med 5 års lengde med mogleg forlenging i 4 år. Konverteringa er gjennomført og dei tidlegare kommuniserte positive effektane i form av reduserte IT-kostnadar får full effekt frå 2. halvår 2026 og heile 2027.
Banken har i 2025 gjennomført fleire strategiske prosjekt som skal gi banken fortsett god vekst. Dette er kostnader styret venter vil styrke inntektene ytterlegare i tida framover.
Tap og misleghald
Resultatførte tap på utlån og garantiar per 1. kvartal 2026 utgjer kr. 2,61 mill. mot kr. 0,39 mill. same tidspunkt i fjor. Dette utgjer 0,06 % av brutto utlån. Banken gjer løpande vurderingar av dei einskilde låneengasjementa i banken, og erfarer i kvartalet ein auke i modellmessige nedskrivinger.
Trass i eit lågt omfang av lån i restanse og overtrekk er det gjennomført auke i einskilde individuelle tapsavsetnader som også er med på å forklare auka tapa i kvartalet. Netto misleghaldte engasjement over 90 dagar pr. 31.03.2026 utgjer kr. 12,01 mill samanlikna med kr. 4,85 mill pr. 31.03.2025.
Kostnadsaukar, låge investeringar og tøffe rammevilkår har råka særskilt bygg og anleggsnæringa dei siste åra. Trass i at banken har ei relativt låg eksponering mot næringa merkast nedgangen i aktivitet særskilt innan nybygg av einebustader i bransjen.
Styret har vurdert samansetjinga av banken si utlånsportefølje grundig, og ein forventer at framtidige kredittap, gitt dei føresetnadane som er lagt til grunn – vil bli moderate.
Balanseutvikling
Gjennomsnittlig forvaltningskapitalen utgjer kr. 5.422,80 mill. mot kr. 4.954,77 mill. på same tidspunkt i fjor, tilsvarande ein vekst på 9,85 %.
Utlån
Netto utlån til kundar på eigen balanse er ved utgangen av 1. kvartal på kr. 3.377,25 mill., ein auke på 114,87 mill. kr. (+ 3,52 %) frå i fjor på same tidspunkt. Lån til personmarknaden utgjer brutto kr. 2.635,50 mill. og lån til bedriftsmarknaden inkludert landbruk utgjer kr. 757,21 mill. Andel lån til bedriftskundar inkludert landbruk utgjer 22,32 % av banken sine utlån i eigen balanse som er ein nedgang på 0,08 % samanlikna med same tid i fjor.
Utlån finansiert i Eika Boligkreditt AS er ved utgangen av 1. kvartal på kr. 1.376,73 mill., ein auke på kr 254,75 mill. frå same tidspunkt i fjor. Totale utlån, inkl. Eika Boligkreditt AS, utgjer til saman 4.753,98 mill. kr. noko som er ein auke på kr 369,61 mill. siste 12 månader. Dette tilseier ein samla vekst på 8,46 %.
Inflasjonen har dei siste 12 månadene vært på 3,6 %. Dette vil truleg føre til at Norges Bank gjer som varsla i mars månad, å sette opp renta i nær framtid. Saman med auka geopolitisk uro, høge energiprisar er dette venta å dempe gjeldsveksten i Noreg, og vil truleg verke inn på å kjøle ned aktiviteten i bustadmarknaden.
Innskot
Banken sine innskot har auka med kr. 143,56 mill. siste 12 mnd., og utgjer no kr. 2.960,20 mill. Dette er ein auke på 5,09 %. Innskotsdekninga er på 87,25 % pr. 31.03.2026 mot 85,99 % pr. 31.03.2025
Verdipapir
Banken si portefølje av aksjar, eigenkapitalbevis og fondsandelar utgjer kr. 156,09 mill. pr. 31.03.2026. Banken si obligasjonsportefølje utgjer kr. 313,19 mill.
Likviditeten er hovudsakeleg plassert i renteberande verdipapir, innskot i større bankar og i Norges Bank. Verdipapirplasseringane er i stat, kommunar og obligasjonar med fortrinnsrett. Dei aller fleste obligasjonane banken eig har flytande rente.
Banken sin kortsiktige likviditetsrisiko målt ved LCR var 311 % (205 %).
Kapitaldekning
Styresmaktene fastsett eit minimumskrav til banken sin eigenkapital. Ørskog Sparebank fekk i 2024 fastsett eit kapitalkrav (pilar 2 krav) som utgjer 2,1 prosent av det konsoliderte berekningsgrunnlaget etter finansforetakslova § 14-2. Minstekravet skal fyllast med minimum 56,25 % rein kjernekapital og minst 75 % kjernekapital. Banken skal ha ein samla buffer ut over minstekravet som består av rein kjernekapital, for å dekke summen av dei gjeldande bufferkrava i pilar 1. Det vil seie at banken har eit krav til konsolidert rein kjernekapital på 16,7 % inkludert banken sin eigen styringsbuffer. Pr. 31.03.2026 hadde banken konsolidert rein kjernekapitaldekning på 21,66 % noko som er godt over styresmaktene sine mål, samt eigne mål til kapital.
Basel IV vart innført i Noreg med rapportering frå 2. kvartal 2025. I sum har innføringa gitt ein positiv effekt på kapitaldekninga for standardmetodebankane og likare konkurransevilkår i marknaden.
For banken isolert utgjer rein kjernekapitaldekning pr. 31.03.2026 25,90%. Dette er ein auke frå 23,21 % same tidspunkt i 2025
Rekneskapen er ikkje revidert, og overskotet hittil i år er ikkje inkludert i kapitaldekningsberekningane.
Avkasting på eigenkapitalen
Eigenkapitalen er på kr. 558,36 mill. pr. 31.03.2026 som utgjer 13,61 % av forvaltningskapitalen.
Eigenkapitalavkastinga over utvida resultat er ved utgangen av 1. kvartal 2026 på 4,79 % mot 7,68 % pr. 31.03.2025.
Risikovurdering
Kredittrisiko og likviditetsrisiko er dei mest vesentlege risikoområda for Ørskog Sparebank.
Kredittrisikoen for tap på utlån, plasseringar og garantiar blir framleis vurdert som låg, samstundes som banken sine individuelle nedskrivingar på utlån blir vurdert som tilfredsstillande ut i frå risikoen og utviklinga i låneportefølja. Banken søker å ha ein moderat risikoprofil. Det er lagt opp til tett oppfølging og kontinuerleg overvaking av engasjementa.
Kredittrisikoen blir mellom anna overvaka ved at styret jamleg går gjennom rapportar om porteføljekvaliteten, misleghald og overtrekk på konti og lån. Konsentrasjonsrisiko er risikoen banken har for at eitt eller fleire engasjement kan bli mislighaldt på grunn av negativ utvikling hos ein større kunde eller ein heil næringssektor.
Ørskog Sparebank har eit bevisst forhold til diversifisering av utlånsportefølja kring bransjar, pant og storleik på enkeltengasjement. Banken søker å diversifisere mellom dei ulike segmenta og unngå risiko i bransjar der ein ikkje har nok kompetanse eller er usikre på den generelle framtidige risikoen.
Banken har risiko for endringar i marknadsverdi på portefølja av obligasjonar og sertifikat som følgje av generelle endringar i kredittspreader. Det er etablert risikorammer som sikrar at porteføljen er diversifisert mot utstedarar, sektorar og geografiske områder.
Banken har ein likviditetsstrategi som gir grunnlaget for samansetnaden av innlån og forfallsstrukturen. Likviditetsstrategien med forfallsstruktur blir følgt tett, og likviditetssituasjonen til banken er god. Banken har midlar disponibel på konti i bankar, unytta trekkrettigheiter, ei likvid obligasjonsportefølje og lånemoglegheiter i Norges Bank. Saman med ei god spreiing i forfallsstrukturen, vurderer styret likviditetsreserven for å være god.
Marknadsrisikoen i portefølja skal være låg og portefølja skal ha høg likviditet. Hovuddelen av portefølja skal kunne nyttast som sikkerheit for lån i Norges Bank.
Utviklinga så langt og utsiktene for resten av året
Nyheitsbiletet er i stor grad prega av geopolitisk uro, krig i Midt-Austen og dei konsekvensane det får for den norske økonomien. Norges Bank varsla på rentemøtet den 26.03 ei stigande rentebane, og saman med høge energiprisar er det lite som tyder på at inflasjonen vil kome ned mot sentralbanken sitt styringsmål på 2 prosent med det første. Negative nyhende og uro i marknadane har ein tendens til å svekke forbrukarane sine kjøpe- og investeringslyst, noko som igjen fører til lågare utlånsvekst for banken.
Styret registrerer at konkurransen er sterk, særskilt i privatkundemarknaden. Styret venter like fullt at utlånsveksten vil ta seg opp litt utover året, i takt med normale sesongsvingingar på eigedomsmarknaden. Samstundes vurderer styret at det framleis er utfordringar innan bygg og anleggsnæringa og enkelte segment av næringseigedom.
Banken sin vekst dei siste åra kjem i hovudsak frå personkundemarknaden, og i all hovudsak frå kundar i bankens strategisk definerte marknadsområde. Banken har ambisiøse planar om fortsett vekst, og har tilsett fleire rådgjevarar som begynner i løpet av året.
Banken sin strategi er basert på heilskapleg økonomisk rådgjeving av kunden sine behov, og gjennom aktiv kundeomsorg ventar styret fortsett vekst i provisjonsinntekter frå betalingsformidling, forsikring og sparing i tida framover. Banken har i løpet av året jobba med prosjekt, tiltak og aktivitetar som støttar opp om den ønska utviklinga.
Med banken sin solide eigenkapital og ein strategi om å vere ein nær, sjølvstendig og tilgjengeleg lokalbank, ventar styret at banken vil kunne oppretthalde ein sterk marknadsposisjon både i 2026 og framover.